Siste løp for Kurt og Brita

Postet av Førde Idrettslag den 27. mai 2026

Løypevinnarar på nærløpet Ulvedalane onsdag 27. mai vart: A-løype kvinner Margit Sandem Fjellengen, A-løype menn Andreas Haug, B-løype kvinner Camilla Fluge Bortheim, B-løype menn Kenneth Husevåg-Lobben, C-løype kvinner Tuva Bjørset-Hirth og Emma Thune-Myklebust (lik tid), C-løype menn Anders Mallasvik.

Totalt 58 løparar stilte til start. Fullstendig resultatliste med strekktider og vegval finn du her.

To markante medlemmer i Førde IL Orientering hadde sine siste løp (for denne gang). Brita Eilertsen Grønli og Kurt Grønli set kursen nordover og til Tromsø. Vi takker for innsatsen for o-gruppa - de kjem til å bli sakna! 

Dei neste 3 onsdagane (3.6, 10.6 og 17.6) er arena/oppmøte på Langeland skisenter.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane#naustdal dampbakeri #enivest





O-løp onsdag 27. mai

Postet av Førde Idrettslag den 25. mai 2026

Oppmøte ved "Dynamittlageret" i Ulvedalane. Start frå kl 18.00. Det er merka frå krysset på Moskog mot Holsen (ca 2 km). Det er litt begrensa med parkeringsplassar, så oppfordrar dei som kan om å køyre saman.

Løypelengdene: A-løype: 4.3 km, B-løype: 2.5 km, C-løype: 1.6 km, N-løype: 1.3 km. N-løypa er delvis merka med plastband (der den er vanskelig å sjå/følgje).

Meld deg gjerne på til løpet på førehand på Eventor (innan onsdag kl 14), men sjølvsagt også mogeleg å melde seg på ved frammøte. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest






Rekorddeltaking i Vieåsen

Postet av Førde Idrettslag den 21. mai 2026

Veldig gledeleg at så mange tok turen til Vieåsen og orienteringsløp 20. mai. Vi har over 80 registrerte namn på listene – i tillegg til mange forelder og besteforelder som var med dei yngste rundt. Veldig kjekt. Det var mange nye med, og ikkje sikkert alle registrerte seg ved målgang.

Dette var eit løp som ungdomsløparar i klubben arrangerte. Dei fortener skryt for godt gjennomført arrangement med gode løyper, og fullt trøkk for å halde orden på alle nye som skulle registrere seg, og ulike spørsmål som skulle svarast ut. 

Løypevinnarar: A kvinner Vena Fristad, A lang Henning Tjørhom, B kvinner Tuva Bjørset-Hirth, B menn Martin Olai Spjutøy, C kvinner Arya Stubhaug Tjørhom, C menn Anders Mallasvik. 

Fullstendig resultatliste med løyper og strekktider finn du her.

Neste løp vert onsdag 27. mai på Moskog, retning Holsen. Påmelding her.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest




Nærløp Vieåsen 20. mai

Postet av Førde Idrettslag den 19. mai 2026

Velkomen til nærløp orientering i Vieåsen onsdag 20. mai kl 18.00. Oppmøte ballbingen i Vieåsen, der det er start og mål. Løyper for alle: 2,4 km for A-løypa, 1,6 km for B-løypa, 1,2 km for C-løypa, 0,8 km for N-løypa. 

Løypene går mest på asfalt, litt på gras, nokre vegval der det kan bli litt sti og grus. Utan regn neste døgnet er jobbesko eit godt alternativ som skotøy.

Påmelding på Eventor, eller ved frammøte. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane#naustdal dampbakeri - #enivest





Ungdomssamling Hav-O

Postet av Førde Idrettslag den 16. mai 2026


Fredag 29. mai - søndag 31. mai er det Hav-O på Sotra. Løparar frå regionen er invitert, og kretsen legg opp til ungdomssamling. Samling Hav-o.pdf